Søndag 7 juli. Kom heim i går etter ei lang reise frå Seljorfestivalen. Vi kom ned på torsdag og spelte på låven og kafescena den kvelden. Fredag på dagtid var vi på Bjørgenuten og hadde friluftskonsert. Over 200 oppmøtte hadde gått i over eit time for å vere med på denne konserten. Heilt utrulig bra. Fredagkvelden spelte vi fyrst på kafescena og deretter på hovudscena. Stor oppleving for alle oss i bandet. Vi har møtt eit fantastisk publikum som kan alle sangane våre og allsang frå fyrste til siste låt i alle sett. Tusen takk til Seljorfestivalen sine slitarar og til eit fantastisk publikum som gjorde turen til Telemark til ei minnerik oppleving. Sjåast på Dansefestivalen.no på Sel fyrstkomande fredag. Då startar vi opp på hovudscena fredags kveld.