No er eg heime att etter to fantastiske dager på Gol Campingsenter. Vi spelte på onsdag i storteltet saman med Anne Nørdsti. Kjekt å synge duett med Anne. Torsdag var det tidlig opp og flytte anlegg til kyrkja der vi skulle ha konsertstart kl. 13.30. 200 personer tok i mot oss då vi entra podiet. Dei var i kjempe stemning noko som smitta over på oss. Takk til alle dokke. Då denne konserten var over var det å få på plass alt utstyret tilbake i storteltet att der Contrazt var klar på vår høgre hand. Denne kvelden vart fantastisk med over 800 på dansegolvet. Kl. 5 i dag tidlig var vi ferdig med nedrigg, og kunne finne hotellrommet. Takk til Gol Campingsenter v/Magne Hoftun og alle dokke andre som står på for oss artistar og publikum. Lykke til med resten av helga på Gol.