Vi trenger ikkje reise so langt for å oppleve eit fantastisk publikum. I går 18 mai var vi til Skei i Jølster å spelte opp til dans for nermare 1800 personer. Saman med Rune Rudberg Band laga vi kjempe stemning. Allsang på Rune sine låter «Ut mot havet» og «Kjærlighet gjør blind» og vår eigen «Bagateller» gjorde denne kvelden til ein kjempekveld for oss spelemenn. På slutten av vårt sett fekk vi besøk opp på scena av Odd Arne Sørensen. Han har ein slik publikums-tekke at det er heilt vilt. Stemninga stod i taket på låten «I mitt barndoms paradis». Takk for det besøket. No er det berre å lade opp til neste helg då vi reiser til Lindås der vi skal ha kyrkje konsert i Austrheim Kyrkje på Fredag og countrydans på Westland hotell på laurdag. Ha ei fin veke folkens.